Nordbohus Sogn har sjølveigartomter til sals på Barsnes i Sogndal kommune. Tomtene har fin utsikt over Barsnesfjorden og det er fine turområde i nærleiken. Det blir opparbeida felles tilkomstveg til tomtene, samt leikeplass og friområdet. Tomtene ligg landleg til, samtidig som det kun er 3 km frå Sogndal sentrum med sine butikkar, service-, kultur- og serveringstilbod. 
 
 Avstand med bil:
 - 5 min til Sogndal sentrum 
 - 4 min Rosnes barnehage
 - 6 min Trudvang skule
 - 23 min Sogndal lufthamn
Området
Kalkarteig bustadfelt består av 5 sjølveigartomtar med byggeklausul.  
 
 Tomt med byggeklausul betyr at ved kjøp av tomt så binde ein seg til å kjøpe hus hjå ein gitt husleverandør, som i dette tilfellet er Nordbohus Sogn. 
Tomt 1: 585 kvm 
Tomt 2: 585 kvm 
Tomt 3 700 kvm
Tomt 4: 830 kvm
Tomt 5: 1055 kvm
Infrastruktur som veg, straum, vatn og avløp vert ført fram til tomtegrensa. 
Adkomst
Frå Sogndal sentrum køyre ein på Rv. 5 over Loftesnesbrua og tar av ved første avkøyring til venstre på Barsnesvegen og køyre i underkant av 2 km mot Barsneset.
 
Omkostningar
585,- (Tingl.gebyr pr. panterett)
 585,- (Tingl.gebyr skjøte)
 172,- (Gebyr for utskrift av panteattest)
 62 250,- (Dok.avgift (forutsatt salgssum: 2 490 000,-))