Lekker variant av hustypen FRONT

Den 23. oktober flytta Andreas Vikdal og Anette Uglum Neset inn i sitt Front hus i Bråtane bustadfelt på Kaupanger.

Me var så heldige å få komme på besøk til dei.

Utsikt frå stova
Frå stova har dei god utsikt utover Amlabukti

Saman har dei to born, Live Magdele og Tuva Olava. Dei innrømmer at det å vere midt i ein byggeprosess med to små born til tider har vore travelt. Då er det godt når ein byrjar å sjå enden på prosjektet.

Familien er veldig godt fornøgde med huset dei no har flytta inn i. Dei har fått det akkurat slik dei hadde tenkt. Huset har tre gode soverom, store opphaldsrom og eit ope og romsleg kjøkken. 

Romsleg og open kjøkkenløysing
Romsleg kjøkken.

 

Barnerom med god plass til seng og leiker
Det eine soverommet til borna. Her er det god plass.
Bad
Hovudbadet i huset

 

Andreas er elektrikar og har gjort all jobben med det elektriske sjølv. Det er ikkje vanskeleg å sjå at han brenn for faget. Her er det mange smarte, og ikkje minst flotte løysingar som gjer huset veldig praktisk og funksjonelt. 

Det er også tydeleg å sjå at paret er bevisst i val av produkt og interiør. I stova har paret blant anna eik i taket. Det gjer at rommet framtår som lunt og varmt. I tillegg er det veldig stilig!

Andreas og Anette har også svarte dørar, lysbrytarar og stikkontaktar. Dei svarte detaljane løftar verkeleg huset og gjer seg godt ut med resten av fargane som er i huset.

Me gratulerer familien med ein fin heim. Me er sikre på at de vil trivast her!

Familien Vikdal/Neset
Andreas, Anette, Live Magdele og Tuva Olava