Stas med innflytting i Hanaskjeren

Hanaskjeren bada i sol  ved innflytting

Det er stor stas for oss i Nordbohus Sogn at 7 av 9 leilegheiter vart flytta inn i på ein dag, seier byggeleiar Tom-Idar Teigen

God stemning, nøgde kundar og strålande vær gjorde dette til ein flott oppleving for oss alle.

Vi tok ein tur innom og fekk ein hyggeleg prat med alle 7. 

 

 

S2%20kj%C3%B8kken.JPG

Ingeborg er svært nøgd med sin smarte kjøkkenløysing

Saman med Sigdal i Bergen fann Ingeborg ei praktisk løysing for å få mest mogeleg benkeplass på kjøkkenet sitt. Benkeplata vert folda inn i kjøkenskapet når det ikkje vert nytta. Her er det og plass til kjøkenmaskina. No er det berre å byrja å gle seg til kva Ingeborg skal trylla fram av godsaker for gjestene sine.

S4%20Lingjerde_0.JPG

"Her sit eg godt" - eit lite hjartesukk frå Ansgar 

Ansgar og kona Anbjørg har flytta frå Lambhaug og inn til kommunesenteret i Gaupne. Dette har dei gleda seg til lenge. Å bu i ei lettstelt leilegheit med alt på eit plan, heis og flate marki heile vegen til bui. Sleppa å ha sut for snømåking og plenklipping gjer kvardagen mykje enklare. Ein god stad å bu rett og slett.

S5%20Kreken.JPG

Lars ser på leilegheita i Hanaskjeren som ei god investering.

Han bur for tida i Oslo, men mora håpar at ho og slekta elles heime i Gaupne vil sjå mykje meir til han i framtida. Han har god erfaring med å bu i sameige og trivast godt med det.

S6%20Fossen.JPG

Eva og Leiv gler seg til å bu nærmare barn og barnebarn

Då dei ville flytta frå Fyllingsdalen utanfor Bergen til Luster var valget enkelt. Hanaskjeren hadde nett det dei trengde og plasseringa var ideell. Å flytta ut av stor ein einebustad var nok ein utfordring med tanke på rydding og valg av kva dei skulle ha med vidare. Men no er det gjort og godfølelsen etterpå er det nok mange som misunner dei.

S7%20Frode.JPG

Frode har vore med å bygd Hanaskjeren

Han likte leilegheitene så godt at han like godt kjøpte seg ei som han ville bu i . I tillegg har han tatt på seg å utføre vaktmestertenester, noko som dei andre i Hanaskjeren er svært nøgde med.

S8%20Saur.JPG

Øystein gler seg til å få kona på plass i leilegheiten

Øystein og kona Eldbjørg har vore opptatt av å få god utsikt og har difor kjøpt leilegheit i 3, etg. Eldbjørg treng heis for å komma seg opp i 3. etasje og nettopp difor er leilegheitsbygg av denne typen ei god løysing for dei. 

S9%20M%C3%A5lfrid.JPG

Målfrid kapra leilegheiten som alle ville ha

Leilegheita ligg på hjørnet i 3. etg og har utvida veranda slik at Målfrid får sol det meste av dagen.  Ho er ein dyktig målar og flisleggar og har hatt ein del eigeinnsats på leilegheita si.