Nærområdet
Bråtane er eit heilt nytt bustadfelt i Kaupanger. Her får du panoramautsikt mot Amla ved Sognefjorden og gangavstand til butikkar, skule, barnehage og idrettsanlegg. Bustadfeltet er rolig og barnevennleg, og godt skjerma utan gjennomgangstrafikk. Barna vil få ein trygg veg til skulen med gangveg frå bustadfeltet. I Bråtane har du i tillegg flotte turområder og fjorden i umiddelbar nærleik. Ein god stad å veksa opp!
Plasseringa er sentral med kun eit par minutters køyring til Kaupanger sentrum. Kaupanger er eit eldorado for utfluktar, både sommar og vinter. Du kan dra på turar til Jostedalsbreen, Breheimen og Jotunheimen Nasjonalpark. Der kan du bli med på organiserte vandre, klatre, padle, og rafteturar for å nemne noko. Kaupanger har eit rikt idrettsmiljø og idrettslaget byr på populære aktivitetar som fotball, friidrett, innebandy og ski.
Skal du ut å fly ligg flyplassen berre 10 minuttar unna og herifrå flyg Widerøe til Oslo, Bergen, Førde og Ørsta/Volda.