Bilde av tomt 19
Sørvendt tomt med god utsikt.

Tomt 19 - Bustadfeltet på Rene

Nøkkelinformasjon

Boligtype:
Tomt
Pris:
1 525 000
Areal:
628 m²
Regulering:
Det foreligger reguleringsplan/detaljergulering for område. Eiendommen er regulert til boligformål.
Visning
Ta kontakt for å avtale visning

Eneboligtomt med fantastisk utsikt

Bustadfeltet på Rene – Landleg men likevel sentralt!

Bustadfeltet på Rene har sentral plassering med kort veg til det meste. Her står du fritt til å bygge ditt draumehus enten det er frå katalog eller teikna av arkitekt.

Bustadfeltet ligg søraust for Voss sentrum i retning Granvin, ikkje langt frå Palmafossen. Området er solrikt, med lang kveldssol på sommaren.

Går du med ein draum om å skaffe deg ein einebustad, og ynskjer ikkje årevis med oppussing av eit brukt hus? Kvifor ikkje bygge nytt og få eit hus med god ventilasjon, gode tekniske løysingar,  og fritid til å gjere det du ynskjer saman med familien?

Bustadfeltet vil få opparbeida gang og -sykkelvegar gjennom feltet, som går ned til gang- og sykkelvegen langs Hardangervegen. Sykkelvegen går heile vegen til Voss Sentrum, eller i motsett retning til Granvin dersom du ønskjer deg ei treningsøkt.

Det er heller ikkje langt til Bømoen, og rett opp i åsen bak feltet ligg Voss Ski og Tursenter. Moglegheitene for eit aktivt friluftsliv er svært gode når du byggjer deg eit hus på Rene.

Kvalitetar

  • Flott utsikt
  • Gode solforhold med lang kveldssol om sommaren
  • Kort veg til alt
  • Landleg

Atterhald

Arealet på tomta er ei antyding til storleiken. Og kan avvike frå endeleg oppmåling.

Tomtene vert seld med ein byggeklausul.

Det føreligg reguleringsplan/detaljregulering for området, ta kontakt for meir informasjon.

Kontakt

Ta kontakt med oss for meir informasjon om denne tomta, eller om korleis det er å bygge eigen bustad.  

Terje Tverberg
Dagleg leiar
Tlf: 916 48677
E-post: terje@tverberg.com

Omkostningar

1. Dok. avgift til staten 2.5% av kjøpesum
2. Tinglysingsgebyr skøyte kr. 585,-
3. Tinglysingsgebyr pantedokument kr. 585,-

Bestill møte med rådgiver