Rene - 25 eneboligtomter med flott beliggenhet på Voss.

Nøkkelinformasjon

Priser
Kr 1.325.000 - 1.925.000
Areal
Ca 500 m2 - 950 m2
Adresse
Rene, 5709 Voss
Status
Salget er igang

Ta kontakt for mer informasjon

Uten bilde
Eiendomsmegler Vest v/ Kjetil Aarsand
Eiendomsmegler
988 20 428
Meld interesse her

Bustadfeltet på Rene – Landleg men likevel sentralt!

Bustadfeltet på Rene har sentral plassering med kort veg til det meste. Her står du fritt til å bygge ditt draumehus enten det er frå katalog eller teikna av arkitekt.

Bustadfeltet ligg søraust for Voss sentrum i retning Granvin, ikkje langt frå Palmafossen. Området er solrikt, med lang kveldssol på sommaren.

Går du med ein draum om å skaffe deg ein einebustad, og ynskjer ikkje årevis med oppussing av eit brukt hus? Kvifor ikkje bygge nytt og få eit hus med god ventilasjon, gode tekniske løysingar,  og fritid til å gjere det du ynskjer saman med familien?

Bustadfeltet vil få opparbeida gang og -sykkelvegar gjennom feltet, som går ned til gang- og sykkelvegen langs Hardangervegen. Sykkelvegen går heile vegen til Voss Sentrum, eller i motsett retning til Granvin dersom du ønskjer deg ei treningsøkt.

Det er heller ikkje langt til Bømoen, og rett opp i åsen bak feltet ligg Voss Ski og Tursenter. Moglegheitene for eit aktivt friluftsliv er svært gode når du byggjer deg eit hus på Rene.

Priser og storleik på kvar tomt ser du her >>

Se oversikt på tomtene på tomteplanen under dokumenter lengre nede på siden.

Ynskjer du ei uforpliktande omvising i feltet? Ta kontakt med Terje på tlf. 916 48 677.

 

Om området

Plassering
Bustadfeltet på Rene er eit heilt nytt bustadfelt på Voss som har vore under utvikling over lengre tid, men no edeleg har vi tomter klare for sal.

Rundt bustadfeltet er det gardar, skog, og åsar. Du har fantastisk panoramautsikt mot nokre av Voss sine flottaste fjelltoppar Lønahorgi og Horndalsnuten.

Bustadfeltet ligg om lag 3,5km sør aust for Voss sentrum som svarar til 5 minuttar med bil. Vegen er også kort nok til at det går fint å pendle med sykkel. Rene ligg like ved Palmafossen, og Bryn som har fleire matbutikkar, skule, barnehage, idrettsplass, m.m.

Voss er eit regionssenter i Vestland Fylke, og ligg om lag 100km nordaust for Bergen. Voss er eit kjend namn i Noreg, ofte forbunde med ein rik kultur, leverandør av VM og OL medaljar, og ikkje minst ekstremsport. Voss er ei bygd i vekst, og vil vera det i framtida også. Det er planlagt ny jernbane og veg til Bergen.

Voss har eit rikt kulturliv innan mat og musikk med fleire årlege festivalar. Dei mest kjende er kanskje Vossa Jazz, Smalahovesleppet, og Ekstremsportveko.

 

Friluft
Er du glad i friluftsliv er Voss plassen for deg, både sommar og vinter. Er du glad i "bortoverski" ligg Voss Ski og Tursenter rett opp i åsen bak bustadfeltet. Her får du fleire kilometer med preparerte løyper. Likar du best "nedoverski" er det kun ein kort biltur til Voss Resort med eit av Norges beste skiterreng, eller i Myrkdalen ligg Voss Fjellandsby som er ein snøsikker plass og kanskje det næraste du kjem ein alpelandsby i Noreg. Elles er Voss omringa av fjell så du kan gå ein ny tur kvar helg "resten av livet" utan at du treng å gå den same to gongar.

Voss er eit kjent namn innan ekstremsport, faktisk i heile verda. Kvart år kjem utøvarar frå fleire land til Voss for å drive med det dei elskar mest, og nokre reiser aldri heimatt. Er du glad i adrenalin, så har Voss garantert ein aktivitet som passar deg. Om det er i lufta, i vatnet, eller på sykkel har Voss eit stort miljø med fleire organisasjonar du kan melde deg inn i. Kvar år vert Ekstremsportveko arrangert, som er verdas største ekstremsportfestival. Denne veka er det mykje liv og rør i bygda både dag og natt.

 

Tilkomst
Køyr gjennom Voss sentrum i retning Granvin. Følg Hardangervegen til du kjem til Palmafossen, om lag 2km. Ta av til høgre mot Bryn. Følg Skutlesvegen i om lag 1,3km mot Voss Ski og Tursenter til du kjem til bustadfeltet på Rene.

Tomtene er skilta. Velkommen!

Kvalitetar

  • Flott utsikt
  • Gode solforhold med lang kveldssol om sommaren
  • Kort veg til alt
  • Landleg

Dokumenter

Uten bilde
Eiendomsmegler Vest v/ Kjetil Aarsand
Eiendomsmegler
988 20 428
Terje Tverberg
Telefon
Adresse
Brynaskogen 39, 5700 Voss

Meld din interesse

Samtykkeerklæring
Vi trenger ditt samtykke til behandling av personopplysninger for å kunne behandle interesse for prosjektet.

Det er trygt å gi oss informasjon om hvem du er da vi følger gjeldende lover og regler når vi behandler opplysninger.

Følgende opplysninger må du gi oss: Navn, telefon, e-post, doato/tidspunkt, melding.

Du kan i tillegg be om å få sendt prosjektet på e-post.

Jeg samtykker til Nordbohus og selskapets databehandlere sin behandling av mine personopplysninger, slik som beskrevet i personvernerklæringen. Din forespørsel vil bli videresendt til riktig kontaktperson på Nordbohuskontoret. Dersom er benyttes en eiendomsmegler på prosjektet – så vil kontakt informasjonen også deles med denne for oppfølging av din interesse.

Du kan på et hvilket som helst tidspunkt trekke samtykket tilbake og du vil deretter ikke motta ytterligere informasjon eller direkte henvendelser fra oss.

Ved å gi ditt samtykke vil den informasjonen du registrerer bli lagret og behandlet av oss og vår leverandør av driftstjenesten. Vi har en avtale med vår leverandør som sikrer forsvarlig håndtering av dine personopplysninger. Informasjonen vil ikke bli solgt eller på annen måte bli gjort tilgjengelig for utenforstående.

Den informasjonen som vi lagrer og behandler vil omfatte generelle personopplysninger som du har gitt oss tilgang til som beskrevet på denne siden.

Under vår personvernerklæring vil du finne ytterligere informasjon om hvordan vi behandler personopplysninger, hvem som er databehandleransvarlig for ditt Nordbohuskontor, samt hvordan du eventuelt kan få målrettet markedsføring fra Nordbohus.

Nordbohus AS, 26.07.18