Stilfullt hus med store vindauge

I Bråtane på Kaupanger bur Linn og Rune Osen Låksrud i ein av dei første ferdigstilte bustadane i byggjefeltet. Dette er det andre huset paret byggjer. Dei seier den tidlegare erfaringa var ein fordel slik at dei visste kva dei ville og ikkje ville ha i det nye huset. Huset er ikkje eit vanleg Nordbohus, men er teiknaog utforma ilag med salssjefen vår, Einar Øvregard.

Her har dei satsa på få, men store rom, med gode løysingar. I hovedetasjen har dei open løysing, med kjøkken, spisestove og tv-stove. I denne etasjen har dei også gjesterom, bad, vaskerom og eit nydeleg inngangsparti. Med dei store vindauga dei har valgt i opphaldsrommet, har ein god utsikt uansett kvar ein oppheld seg. Nede finn vi ei ekstra stove, fire soverom og eit bad til. To av soveromma inneheld også walkin-closeth.

Det er no omlag eit år sidan innflyttinga, så dei er godt innbudde og trivast godt. Både Einar og paret er godt nøgde med resultatet.

Me takkar for ei kjekk omvising av det flotte og godt planlagde huset dikkas!