Lekker tomanns-bustad i sentrum av Sogndal

I Kvålslitunet i Sogndal finn vi desse flotte tomanns-bustadane. I ein av desse bur May Tove Lyngset og Tom Wolff Navarsete, saman med dotter til May Tove, Miriam Christiansen. Fleire av desse bustadane har også leilegheit til utleige,men May Tove og Tom valde å ha alt for seg sjølv då det kunne vorte i minste laget for tre personar.

Dei har opna opp det eine rommet i hovudetasjen, og laga til spisestove der. Dei har ein open løysing, og med god plass under taket vert opphalds-rommet luftig og fint! Her går glasa heilt opp til det høge taket i begge endar av huset. Dette gir godt med lys og god utsikt over eplehagen nedom huset , og over resten av Sogndal.

På uteområdet sitt har dei laga platning med plass til både sitjegruppe og jacuzzi. Her trivast dei godt, og det same gjer nabokatten, som søv i stolen ute på plattingen kvar kveld. 

Takk for at me fekk komma på besøk, kjempe kjekt!