Lekker, sentral toppleilegheit

I ei leilegheit  på toppen i Hanaskjeren bur Målfrid Hilleren.

Ho har flytta frå ein stor einebustad i Røslebakkane, til denne gode bu-fellesskapen i sentrum av Gaupne. Eigedomen ho flytta frå, hadde stor, fin hage. Målfrid har alltid tykt det har vore flott å arbeide i hagen, men ho kjende etter kvart på at hagen vart i største laget.

No kosar ho seg med blomsterkrukker på den romslege, overbygde terassen sin!

Dette er ei stor leilegheit med tre soverom, noko som er greit å ha, når både barn og barnebarn kjem på besøk.

Frå leilegheita er det kort veg til sentrum, med alle fasilitetar. I tillegg er det mange fine turalternativ i området, mellom anna fleire vegar oppover mot Engjadalen. Her får du flott utsikt over Gaupne.

Målfrid trivast særs godt her på Hanaskjeren, ilag med alle dei nye naboane sine!