Gardsdraum i Skilbrei

På eit gardsbruk i Skilbrei i Gaular har Nordbohus Sogn bygd dette flotte KUBA-huset. Kjellfrid, Stein Ove og dei to gutane deira har komme seg godt på plass i huset, som stod ferdig i 2016. Dei skryt over snikkaren Arne Sande, som bygde huset for dei. Desse fornøgde kundane seier det er sjeldan dei høyrer om hus som er ferdige to månader før tida, men dette var tilfelle med Arne.

Kjellfrid har innreda huset med ei god blanding av nytt og gammalt, og tek med seg fleire minnerike og flotte dekor- gjenstander frå tidlegare. Huset er heimekoseleg , med flott utsikt utover garden, Skilbreivatnet og fjella i horisonten. 

Det er alltid kjekt å få komme på besøk til fornøgde Nordbohus-kundar, og me takkar for omvisning, kjekk prat, kaffe og bollar på den flotte garden!