Byggeprosessen

Familien Moen Hylland er godt i gang med husbygging, og gler seg til å flytte inn. Dei har valt å bygge nordbohuset Lun. Vi har snakka med Marie Madocs Moen der ho fortel om prosessen så langt, og deira erfaringar og opplevingar av å samarbeide med Nordbohus Sogn AS. 

Paret Marie og Eirik var fast bestemt på at dei ville til Kaupanger. Her fann dei den perfekte tomten i Bråtane på Kaupanger. Deretter starta prosessen med å finne kor stort budsjettet skulle være, og kva areal dei ønskte. Når dette var på plass reiste dei til banken for å ordne finansiering. Tomten oppfylte kravet dei hadde til areal, og har i tillegg flott panoramautsikt over fjord, fjell og resten av Kaupanger.

 

For å bestemme kva hustype som skulle byggjast, reiste dei mykje rundt og såg på tidlegare bygde nordbohus, dei såg i katalogar og var på visningar. Det dei såg etter var det perfekte huset med god plass til både ungar og gjester. Dei ventar sitt tredje barn i starten av 2020, og med tre born var det viktig med ei ekstra stove så dei har mogelegheit til å vere litt for seg sjølv når dei vert eldre. Med god hjelp av salsansvarleg, Einar Øvregard, hadde dei etterkvart mange forslag. Marie seier dei vart godt oppfølgde av Nordbohus Sogn og var på kontoret til Einar omtrent ein gong i veka i starten, for å sjå på planløysingar til fleire ulike hus. Å bestemme seg var ikkje ein lett sak, men etter ei visning i hustypen Lun, var dei sikre, seier ho. 

 

Nordbohuset Lun har store lyse rom, og det er høgt under taket i andre etasje. Huset er eigentleg teikna for flatmark, men Nordbohus tilpassar alltid huset til tomta og elles andre endringar kunden ønsker. I Marie og Eiriks tilfelle måtte huset tilpassast skråtomten deira. Det blei gjort ved å gjere nedre etasje til ein sokkeletasje. Huset er og originalt teikna med stove og kjøkken i første etasje, men dette flytta dei til andre etasje for å få nyte mest mogeleg av den vakre utsikten tomten deira tilbyr.  

 

Tomten overtok dei i januar 2017, men venta ei DSC00025-2.jpgstund med å starte prosessen. Grunnarbeidet gjorde dei sjølv, og påpeika at det derfor tok litt lengre tid å komme i gang med bygginga. Når tomten først var klar så gjekk det kort tid før veggane på huset var oppe. Det er tydeleg å sjå at snikkarane er effektive og raske, seier Marie. Bygginga skjer raskt, og vi ser framgangen dag for dag. 

 

Marie påpeikar dei utallege vala ein må ta når ein skal byggje hus, og har dermed set stor pris på Einar og byggjeleiar, Frode Harberg, si hjelp og ærlegheit når ho har spurt om kva dei sjølv ville gjort. I planleggingsprosessen var det Einar dei prata mest med, men når byggjeprosessen startar er det for det meste byggjeleiar Frode dei har kontakt med. Det har og vore ting ho har vorte gjort oppmerksam på undervegs i bygginga som dei har gjort endringar på. Og om dei har ynskt endringar på noko, (til dømes endring av rekkverk) så var det berre å spørje - så ordna det seg. Både Marie og mannen seier dei kun har godt å sei om både snikkarane og dei på kontoret, og at det er tydeleg å sjå at Nordbohus Sogn gjer sitt ytterste for å løyse utfordringar.  Og dei er gode på kundeservice. 

 

Familien gler seg til å byggje ferdig og komme på plass i huset. Ungane er vande med å stikke innom etter skule og barnehage og har venta på dette lenge. Minste jenta Leonora på 2 år har fulgt med på dette sidan ho kom til verda. Linnea på 10 år er klar for å bytte skule og flytte inn i det flotte Lun-huset. Vi i Nordbohus Sogn gler oss til å følgje med på resten av reisa! Vi skal følgje bygginga og familien heilt til dei er innflytta for å høyre korleis dei trivst. Følg med vidare for oppdateringar på denne husdraumen!