Bråtane bustadfelt - Kaupanger
Om Bråtane bustadfelt
Bråtane er eit bustadfelt i Kaupanger. Her får du panoramautsikt mot Amla ved Sognefjorden og gangavstand til butikkar, skule, barnehage og idrettsanlegg. Bustadfeltet er rolig og barnevennleg, og godt skjerma utan gjennomgangstrafikk. Barna vil få ein trygg veg til skulen med gangveg frå bustadfeltet. I Bråtane har du i tillegg flotte turområder og fjorden i umiddelbar nærleik. Ein god stad å veksa opp!
I Bråtane vil det bli bygd moderne einebustader, tomannsbustader og leilegheiter i firemanns- og seksmannsbustader. Bustadene ligg i eit etablert og rolig miljø.
2 mannsbustad
Er foreløpig utsoltg, men har ein til under planlegging. Ta kontakt for info.
Lys og moderne tomannsbustad på to plan med 3 soverom. Bustadeiningane har ein romsleg og solrik terrasse med glasrekkverk. Her har du god plass til å invitere naboar, venner eller familie til eit sosialt lag kor de kan nyte den vakre utsikten over Amla. Bustadene har ein sportsbod på 5 kvm, Her kan du lagre sykkel, ski, fiskeutstyr og andre ting, som naturleg høyrer heime i ei god bod.
Det er open stove/kjøkken løysing med moglegheit for å oppgradere kjøkkenet (dette vil medføre ekstra kostnadar). Stova inneheld blant anna peis og store vindauger som slepp inn mykje naturleg lys.
Innhald
BRA: 114,6 kvm
P-rom: 91,4 kvm
- Moderne einebustad
- Terrasse med glasrekkverk og fantastisk utsikt
- Store vindauger
- Utvendig sportsbod
- Utvendig parkering
- Kjøkken og stove i open løysing
- 3 soverom
- WC med vask i 1. etg.
- Bad/vaskerom med varmekablar og våtromsbelegg
- Teknisk/bod med sluk og våtromsbelegg på golv
- Klikkvinyl på golv i tørre rom
- Ferdigmalte plater på veggar i tørre rom
- Våtromsplater på bad/vaskerom og teknisk/bod
- Listverk leverast kvite, fabrikkmalt med synlege spikarhol
- Peis levert av Nordpeis