
Einar har jobba i Nordbohus i 35 år, og har vore fast tilsett i Sogndal sidan oppstarten i 1985, først nokre år som tømrar, og deretter som bustadseljar frå 1993 og fram til i dag. Dette har gjort at han har samla enorm kunnskap om den viktige vegen i eit bustad-prosjekt, og er ein bauta i Nordbohus mange søkjer råd hjå.
Det krevst litt forarbeid før ein kan bestemme seg for draumehuset. Veldig mange startar planlegginga av nytt hus uten å ha oversikt over total byggjekostnad og moglegheit for lån. Start derfor i rett ende med Einar sine tips om dei 7 første stega ein bør ta når ein ynskjer å byggje hus:
1. Last ned huskatalogen og opprett brukerkonto på nett
Last ned Nordbohus-katalogen og opprett brukerkonto på minside på nordbohus.no med komplett prisliste. Finn deretter din lokale forhandlar – dei kjenner godt til området du skal byggje i.
Finn din lokale forhandlar her // Besøk våre hus og klikk på "finn din pris" på et av husene for å opprette brukerkonto på minside.
2. Avtal møte med forhandlaren
I forkant av møtet kan du gjerne ta med bilete frå tomta di, eller aller best; Ta første forhandlarmøte som ei tomtebefaring. Det er alltid lurt å avklare kva moglegheiter tomta har, før ein vel hustype. Om du ikkje har eiga tomt, kan Nordbohusforhandlaren hjelpe deg å finne tomt i området. Mange Nordbohusforhandlarar har eigne tomtar for salg. Me har også eit stort nettverk der me kjenner andre som sel tomtar.
Les også: Gode tips til tomtebefaringen fra en byggeleder
3. Forhandlaren lagar ei enkel skisse

Nordbohusforhandlaren lagar ei enkel skisse på korleis huset du ynskjar deg kan plasserast på tomta, med hensyn til himmelretningar, solforhold, utsikt og liknande. Mange tomtar er så bratte at kataloghusa må teiknast om for å best utnytte moglegheitane tomta gjev. Nordbohusforhandlaren hjelper deg deretter med eit komplett kostnadsoverslag som du tek med til banken din.
4. Finansiering
Hos banken din får du ein oversikt over korleis du får finansiert prosjektet. Mange klarer å redusere kostnadane i husbygginga ved å gjera ei lita eigeinnsats også. Andre er heldige, og har folk som kan garantere for deler av lånesummen. Dersom du i denne fasen finn ut at du desverre ikkje har økonomisk moglegheit til å byggje draumehuset akkurat no, kan det være smart å kjøpe ein rimeligere leilighet i området. Ved å bu i eiga leilighet, har du sjansen til å betale ned på lånet, og på den måten opparbeide meir egenkapital til seinare. Ved salg av leiligheten etter nokre år, kan ein eventuell gevinst setjast inn som eigenkapital i ein ny einebustad. Dette har me mange gode eksempel på i Sogn.
Mange av Nordbohusforhandlerne har leiligheiter og rekkehus for sal. Sjå oversikten her TIL SALGS
5. Detaljplanlegginga kan starte
Når du har fått ei låneramme frå banken, kan du gå i gang med detaljplanlegginga. I denne fasen skriv ein ofte byggjeavtale mellom Nordbohusforhandlaren og kunde. Med Nordbohus sine prislister på komplette hus og løysingar (Utenom tomtekjøp og grunnarbeid) får dei fleste ein god oversikt over kva byggjeprosessen kostar. Prisen blir som avtalt!
Les også: Praktiske løsninger for et komfortabelt hus
Les også: Ja, du kan endre på et hus fra Nordbohus
6. Justeringar og tilbod frå underentreprenørar
Etter at byggjeavtalen er signert, startar arbeidet med justering av teikningar og prisar ut frå kunden sine ynskje. Deretter kjem innhenting av tilbod fra underentreprenørar, prising av spesielle løysingar osv. Kvar Nordbohusforhandlar har som regel faste samarbeidspartnarar som vert nytta på husa. Me har derfor bygd opp store og solide nettverk med fagfolk i dei ulike kommunane, innafor fagfelt som: grunnarbeid, mur og betong, rørleggjar, elektrikar, flisleggjar, maling og beleggsarbeid. På den måten gjer me det enklare og tryggare for kundane våre.
7. Me køyrar på!
Når forhandlar og kunde er enige om alle løysingane og prisen, signerar me hovedkontrakta. Deretter går resten ganske knirkefritt med gode rutinar undervegs. Forhandlaren ordnar søknad om byggjeløyve til kommunen, og når denne er på plass er det berre å køyra på.
Skrevet av Kathrine Krane, Bennett Reklamebyrå