Eneboligtomt med fantastisk utsikt
Bustadfeltet på Rene – Landleg men likevel sentralt!
Bustadfeltet på Rene har sentral plassering med kort veg til det meste. Her står du fritt til å bygge ditt draumehus enten det er frå katalog eller teikna av arkitekt.
Bustadfeltet ligg søraust for Voss sentrum i retning Granvin, ikkje langt frå Palmafossen. Området er solrikt, med lang kveldssol på sommaren.
Går du med ein draum om å skaffe deg ein einebustad, og ynskjer ikkje årevis med oppussing av eit brukt hus? Kvifor ikkje bygge nytt og få eit hus med god ventilasjon, gode tekniske løysingar, og fritid til å gjere det du ynskjer saman med familien?
Bustadfeltet vil få opparbeida gang og -sykkelvegar gjennom feltet, som går ned til gang- og sykkelvegen langs Hardangervegen. Sykkelvegen går heile vegen til Voss Sentrum, eller i motsett retning til Granvin dersom du ønskjer deg ei treningsøkt.
Det er heller ikkje langt til Bømoen, og rett opp i åsen bak feltet ligg Voss Ski og Tursenter. Moglegheitene for eit aktivt friluftsliv er svært gode når du byggjer deg eit hus på Rene.