2- mannbustad Øvre leilegheit
Leilegheita har biloppstillingsplass, carport og inngang på bakkeplan/underetasjen. Trappeløpet er lagt på sida av bygget for å få best mogleg utnytta bustadareal.
Hovedetasjen har ein stor open stove- og kjøkkenløysing, eit soverom, bad og teknisk rom. Stova har mange vindauge som gjev mykje godt lys til desse
viktige opphaldsromma. Det er utgang til overbygd veranda frå stove og kjøkken. Denne gir ei lun oppleving og skjerming frå regn om det trengs. Rett innanfor trappa er det ein stor garderobe med god moglegheit for lagring.
Frå garderoben har ein direkte tilgang til badet, noko som er praktisk både for ein sjølv og gjester. Trappa er plassert slik at du slepp gjennomgang i stove - kjøkken for dei som skal rett opp til soveromavdelinga. Frå soverommet er det inngang til teknisk rom som enkelt kan brukast som ekstra lagringsplass eller garderobe. I 2. etasje er det heile tre soverom, eit bad og ei stor loftstove. I denne etasjen kan du gå rett ut på ein flott veranda og nyte både utsikt og sol. I tillegg er det utgang til terrasse på baksida av bustaden.
Innhald
Underetasje: Inngang/trapp og 1 carport og biloppstillingsplass.
1. etasje: Gang/trapp, stove - kjøkken, 1 soverom, bad, teknisk rom og overbygd veranda.
2. etasje: 3 soverom, loftstove, bad, gang/trapp, veranda, terrasse og utvendig bod.
BRA 2. etasje: 77,5 kvm
BRA 1. etasje: 69,0 kvm
Inngang/trapp underetasje 8,5 kvm
BRA totalt: 155,0 kvm
BRA totalt inkl åpent overbygd areal/carport: 195,6 kvm
P-rom totalt: 144,3 kvm