Stor einebustad med god plass til heile familien. Over 3 plan.
Lys og luftig einebustad over 3 etasjer. Planløysinga er praktisk og inneheld blant anna ei stor open stove- og kjøkenløysing, tre soverom, tre bad, to bodar, eit stort
teknisk rom, carport og utvendig sportsbod. I tillegg inneheld bustaden ei kjellerstove på meir enn 16 kvm, som kan vere eit godt tilskot når ungane veks og ein treng meir plass.
Fra stova i 1. etasje er det utgang til ein romsleg og flott terrasse, det same er det frå eit av soveromma i etasjen under, og der er terrassen overbygd. Dei mange
uteareala og den gode planløysinga gjev mogelegheit for både å kunne trekkje seg unna eller vere sosial, alt etter kva som passar best. Med fleire bodar, eit teknisk rom
og romslege gangar er heller ikkje lagring noko problem.
Innhald
1. etasje: Overbygd inngangsparti, stove-kjøken, bad, gang, sportsbod, veranda, 1 carport og 1 biloppstillingsplass.
Underetasje 1: 2 soverom, bad, teknisk rom, gang/trapp, overbygd veranda.
Underetasje 2: 1 soverom, kjellarstove, bad, gang/trapp, bod, overbygd terrasse og utebod.
BRA 1. etasje: 60,0 kvm
BRA underetasje 1: 52,0 kvm
BRA underetasje 2: 56,9 kvm
BRA totalt: 168,9 kvm
BRA totalt inkl åpent
overbygd areal og carport: 242,6 kvm
P-rom: 143,4 kvm