Sluttfasen

No nærmar Lun-huset til Moen Hylland seg ferdig. Veggene er malt, kjøkkenet er på plass og familien er klar til innflytting veldig snart!

Picture%201.jpgMe har prata litt med Marie Madocs Moen og høyrt korleis denne siste delen av prosessen har vore. Først spurte me om dei er fornøgde med vala dei gjorde tidligare i prosessen, og det er dei absolutt! Ho svarar at om dei skulle gjort det igjen ville dei hatt eit soverom til og litt større vaskerom. 

Den siste delen av prosessen inneheld mange val, og Maria seier at både instagram og pintrest har tatt opp mykje skjermtid dei siste vekene.  Det å velge fargar var vanskelegast ; det gjorde ho mest sveitt av alt det dei har vore gjennom. Fargane dei hadde valt ut var ikkje slik dei hadde tenkt, så dei måtte prøve seg fram. Dei malte to soverom i forskjellene gråfargar før dei greide å velge gråfarge til stova. Dei var veldig bestemt på at dei ville ha minst mulig kvitt. Dei har valt ein gjennomgåande stil med grått, svart, rosa og blått. På kjøkkenet har dei valt ein gammal-rosa på veggane, og så har dei same rosa-farge på spisebordstolane i stova. Svart fargen ser vi igjen på detaljar som lamper, vaskar, blandebatteri, slukar, innramming av peis m.m. Blåfargen finn vi på “master” soverommet, og på bad og i walk-in-closet som høyrer til. 

No nærmar innflyttinga seg med stormskritt, og dei har kjøpt masse nye møblar som no står klare til å hentast på Bohus. Sofaen bestillte Marie allereie i sommar så dei var sikker på at den kom i tide til innflytting. Ellers tar dei og med seg noko som dei hadde fra før. Kjøkkenetinnredninga dei har valt, er ein matt kvit variant frå ikea. Dei har valt å ha ei stor kjøkken-øy, mykje skuffer, ingen overskap og nokre høgskap. Dei har og valt ei lukka løysing mellom stove og kjøkken. Dette var rett og slett for å ha muligheit til arbeidsro på kjøkkenet. 

Dei fleste vala er nøye gjennomtenkt, men det var og mykje dei måtte ta på sparket. Det var mellom anna dyrare å flise enn dei hadde tenkt, og måtte difor handle golvbelegg og plater spontant og usett!

No i sluttfasen har dei vore mykje i huset, og er imponerte av å sjå alt snikkarane får gjort på ein dag! Ho skryt og over kor godt dei bli motteke av dei når dei kjem innom.

Me i Nordbohus er velig spente på å sjå det ferdig resultatet!