Me søkjer dyktige og kvalitetsbevisste tømrarar frå heile Noreg

Vil du bli en del av vårt team?

Me ynskjer å tilsetje tømrarar/tømrarlag frå heile Noreg hjå oss i Nordbohus Sogn. Me søkjer deg som er interessert i friluftsliv, storslagen natur og har eit ønskje om å prøve noko nytt.

Hjå oss får du jobbe med det du elskar, og samtidig ha moglegheit til å dyrke hobbyene eller interessene dine på fritida. Me har alle aktivitetar som du kan tenkje deg, og enda nokon fleire. 

Om Sogndalsområdet

Sogndalsområdet byr på eit landskap fullt av kontrastar, og her ligg forholda tilrette for store naturopplevingar for alle som kjem hit. Enten du ynskjer å slappe av, eller søkjer fysiske utfordringar, vil du finne passande aktivitetar der du kjem i nær kontakt med naturen. Du kan utforske mykje av det spanande landskapet på eiga hand, eller delta i organiserte aktivitetar som er tilpassa folk i alle aldrar. Sjå https://www.visitnorway.no/reisemal/vestlandet/sognefjorden/ for meir informasjon om vår fantastiske region.

Om Nordbohus Sogn

Nordbohus Sogn AS held til i Sogndal ved næringsområdet på Kaupanger. Me er ein totalleverandør i byggjebransjen og har aktivitetar frå tomteerverv og regulering til nøkkelferdige einebustadar og leilegheiter. I tillegg er me også Saltdalshytte forhandlar. Me er totalt 38 medarbeidarar og har for tida stor aktivitet. Marknaden er kommunane Sogndal, Vik, Årdal, Lærdal, Aurland og Luster.

Me er ute etter deg som har fylgjande kvalifikasjonar:

  • Kan arbeida sjølvstendig og i team
  • Kunne leie og være Bas i våre einebustad- og rehabiliteringsprosjekt
  • Fagbrev/meisterbrev eller relevant erfaring
  • Førarkort i klasse BE er ei føremon
  • Beherskar norsk munnleg og skriftleg

I tillegg til å vera blid og engasjert, er dine viktigaste eigenskapar yrkesstoltheit og sans for kvalitet og godt handverk. Ganske enkelt fordi det gir oss fornøgde kundar, og det er den beste reklamen me kan få.

Me tilbyr:

  • Moglegheit for fagleg utvikling
  • Konkurransedyktige vilkår
  • God pensjonsordning
  • Timeløn og resultatbasert løn
  • Hektisk kvardag i eit godt arbeidsmiljø
  • Varierte arbeidsoppgåver

 

For meir informasjon om stillinga, ta kontakt med:

Byggjeleiar Frode Harberg på tlf 980 84 060 eller e-post: frode.harberg@nordbohus.no

Søknadsfristen er snarast

Søknad med CV sendast på e-post til: frode.harberg@nordbohus.no

Storslåtte naturopplevingar

Filmen viser korleis kvardagen din kan vera hvis du flytter til Sogndal og begynner hos oss i Nordbohus Sogn