Kundeomtale november 2020

Den 23. oktober flytta me inn i vårt Front hus i Bråtane bustadfelt på Kaupanger.

Her skal me laga ein god heim.

Det heile starta eigentleg med at dei fleste av våre naboar der me budde før, flytta ein etter ein. Og nesten alle så flytta dei til Nordbohus sitt bustadfelt i Bråtane på Kaupanger. Me var på besøk hjå vener der, og fall eigentleg for feltet med ein gong me også. Same venepar tipsa oss om at det var ei tomt for sal i bustadfeltet, litt nedom der dei sjølv nettopp hadde bygd hus. Då var vegen kort. Me var på ferie, så tomta såg me eigentleg ikkje på. Den vart kjøpt over telefon. Me har ikkje angra ein dag på det kjøpet.

Like etter byrja prosessen med å sjå etter kva hus me skulle ha. Me såg på alle typar hus. I utgangspunktet hadde me bestemt oss for å byggje eit skikkeleg funkis hus- ein boks. Slik vart det altså ikkje. Etter eit besøk hjå nokon i same gata her, som har hustypen Front, bestemte me oss for å byggje dette huset me også, då me likte det godt. Huset har gode og praktiske romløysingar, som utnyttar arealet på ein god måte. I tillegg passa det også veldig bra inn på tomta vår.

Me ville gjere ein del endringar på romløysingane i huset, og med hjelp frå Nordbohus vart dette løyst. Det vart eit par rundar, men me vart godt nøgde med resultatet.

Byggjeleiar har vore flink til å finne produkt som me har ønska oss. Me har heile tida vore bevisste på kva produkt me vil ha, og dette har vorte løyst på ein tilfredsstillande måte.

Samarbeidet med snikkarane på prosjektet har også vore eineståande. Me har gjort ein del sjølve i huset, blant anna alt med det elektriske. Me har difor vore avhengig av nesten dagleg kontakt med snikkarane gjennom heile prosessen. Me har diskutert og saman funne gode løysingar på dei utfordringar som har dukka opp under vegs.

Utsikt frå stova

Me er veldig godt fornøgde med huset me no har flytta inn i. Me har fått det akkurat slik me hadde sett det for oss før me tok til med prosjektet. Me har fått gode soverom, store opphaldsrom og eit ope og romsleg kjøkken. Her skal me ha mange gode stunder i lag med familie og vener.

Alt i alt er me nøgde med prosessen med Nordbohus Sogn. Det er ei bedrift med kunnskapsrike og dyktige tilsette som kan fagfeltet sitt. Me vil anbefale Nordbohus Sogn til andre som går med tankar om å byggje seg hus.

 

 

Andreas og Anette