Kundeomtale

Hausten 2016 bestemte me oss for å kjøpe tomt i Bråtane på Kaupanger. Det var Nordbohus Sogn som møtte oss til synfaring, og fortalde at det var dei som var utbyggarar i dette byggefeltet. Etter litt betekningstid var me klare for å kjøpe tomt, da me fant fleire hus i katalogen me kunne tenkt oss. 


Me hadde mange møter i starten på korleis hustype me skulle velje, me var innom front, opal og lun. Nordbohus Sogn lagde fleire utkast til oss, utifrå korleis ynskjer me hadde til huset. Me var tydlege på at det skulle vere eit familiehus, med god plass til born og store gode opphaldsrom. Me fekk besøke fleire hus, før me bestemte oss for å bygge lun. Nordbohus Sogn starta kjapt opp med å justere Lun utifrå vore ynskjer. Blant anna har me flytta kjøkken og stove opp i 2. etasje, for å få mest mogleg ut av den fine utsikta me har. Me vart alltid møtt med godt mot, humør, ein kopp kaffi og tolmodige tilsette som svarde oss på alt me lurde på. Når teikningane var ferdige, søkte me om byggeløyve og starta grunnarbeidet på tomta. 

 

Me opplevde at Nordbohus Sogn hadde god dialog med oss undervegs, når det nærma seg oppstart av huset. Me møttest ved fleire høve for å gå igjennom alt det praktiske. Som kundar følte me oss godt ivaretekne, slik at alt frå små til store detaljar kom på plass før huset vart bestilt. 

Sjølve gjennomføringa av huset føler me har gått smertefritt! Me møtte ikkje mange humpar på vegen som forsinka bygginga, og Nordbohus Sogn var kjappe i vendinga dersom det var noko som måtte ordnast opp i , eller bestillast. Me er veldig imponerte over snikkarane som har jobba i huset. Dei har vore effektive heile vegen, og veldig nøyaktige. Når me har vore innom opplevde me at dei møtte oss med eit smil, og me kunne spørja dei dersom me lurde på noko. Når ein bygger hus har ein som regel ikkje gjort dette før, og spør mykje. Me trur og føler sjølv, at prosessen gjekk smidigare når me hadde god kontakt med snikkarane, og byggeleiar undervegs i prosjektet. Me fekk avklart mykje, som gjore til at eigeninnsatsen vår, gjekk fortare enn me hadde tenkt. 

BA0915B8-993D-48F0-A441-0D08AEA8B213.jpeg
Huset vårt er blitt heilt fantastisk! Me er nøgde med alle rom, og heilheita til huset. Me har god plass til alle borna, gode opphaldsrom og stor altan. Huset vart absolutt som forventa, om ikkje betre. Me er mest nøgd med at me flytta opp kjøkken, stove og fekk "masterdelen" oppe, med bad og soverom, samt walk-in. Her kan me leve godt i mange, mange år! Skulle me gjort dette ein gong til, frå start, hadde me gått for litt større vaskerom. Men me lever godt med det me har i dag!


Me vil på det varmaste anbefale Nordbohus Sogn til andre som ynskjer å bygge hus. Ein blir møtt av hyggelege ansatte, frå start til slutt. Samt at ein får kvalitet på det som vert levert. Nordbohus Sogn har hatt ein fin raud trå gjennom heile prosessen vår, og me er godt nøgde med det ferdige produktet som me har fått! 


Skrevet av Marie Moen