Velkomen til Holmamyrane i Balestrand!
Nye bustader med fantastisk fjordutsikt sentralt plassert i Balestrand sentrum
Her får du lyse og lettstelte bueiningar med gangavstand til alt Balestrand har å tilby. Leilegheiten kan nyttast som fritidsbustad.
Nyt livet med flotte fjell og natur i nærleiken og panoramautsikt til Sognefjorden. Eller du har venta på ein mogelegheit til å tilbringa ferien i Balestrand?
Ein stad der du kan lena deg attende og nyta livet? Her på Holmamyrane kan du gjere nett det.
Har du lyst på ein tur til fjells er det berre å gå ut av døra og fortsetja oppover lia langs dei mange turstiane i området.
Like lett kjem du til fjorden om du vil spasera gjennom Balestrand sentrum eller om du vil nyta fjorden frå båt eller kajakk.
Ungane i området har ein trygg og god gangveg til skulen som ligg ein liten kilometer opp i lia. Her finn ein barne- og ungdomskule med fine leikeareal og idrettsanlegg for dei litt større ungane. Dei aller minste vil ha fine moglegheiter for leik inne på tunet som ligg godt skjerma frå trafikken i hovudvegane i området.
Handleturen kan du ta til fots langs ein hyggeleg lokalveg med liten trafikk. Frå Holmyrane er det om lag 200 m til handlegata i Balestrand sentrum.