Hanaskjeren - idyllisk og med storslått natur
Gå det gode liv i møte i splitter ny leilegheit, midt i hjarte av Gaupne, med kort veg til både sentrum og naturopplevingar. Sett deg ned på din nye terrasse med føtene høgt, og med nedsenka skuldrar,og nyt utsikten.
Leilegheitene i Hanaskjeren ligg idyllisk til med storslått natur og fantastisk solforhold. I nærleiken finn du både butikkar, kafe, sjukeheim og Lustrabadet, eit av Norges flottaste badeanlegg. Gaupne ligg i nærleiken av blant anna Jostedalsbreen, Sognefjellet/Jotunheimen og Urnes stavkirke - eit flott utgangspunkt for turar til alle årstider.
I Hanaskjeren bur du tett på naturen omgitt av fjell og fjorder - velkomen!
Prisvinnande prosjekt
Hanaskjeren vant Nordbohus sin pris for årets boligprosjekt 2018! Hanaskjeren gjekk til topps ved å utfylle kriteriene om god prosjektøkonomi og god bukvalitet ut i fra arkitektur, planløising, brukbarhet og inneklimatiltak. Dette er vi i Nordbohus Sogn utruleg stolte av!
Om leilegheiten
Lys og moderne leilegheit på eit plan med 3 soverom. Leilegheiten har ein romsleg og solrik, overbygd terrasse med glasrekkverk. Her har du god plass til å invitere naboar, venner eller familie til eit sosialt lag. Leilegheitene får sportsbod på 5 kvm i samband med carport. Her kan du lagre sykkel, ski, fiskeutstyr og andre ting, som naturleg høyrer heime i ei god bod. Heis til alle etasjane.
Innhald
Stove, kjøkken, 3 soverom, bad/vaskerom, gang, bod, terrasse og carport med bod
Storleik: BRA 100,3 kvm P-rom 92,0 kvm
Hanaskjeren har alt du forventar deg av ein ny bustad - og litt til.
Leilegheitene inneheld blant anna
- Moderne nøkkelferdig leilegheit
- Universellt utforma leilegheit på bakkeplan. Enkel tilkomst.
- Stor utvida terrasse med tett tak og glasrekkverk
- Carport med sportsbod
- Stove og kjøkken i open løysing
- Store vindauge
- Luft til vatn-varmepumpe
- Alu bekledde vindauger
- Ferdig malte plater på alle vegger
- Våtromsplater på bad og bod
- Varmekabler på bad / bod
- Belysning i alle rom, unnateke stove
- Opplegg for fiber ferdig terminert
- Belysning terrasse / uteområde
- Samordna brannvarsling for heile bygget, direkte tilknytta alarmsentral
- Sigdal kjøkken, inkludert kvitevarar
- Komfyrvakt
- Automatisk avstenging av vaten, med fuktfølar på kjøkken
- Opplegg for vaskemaskin i bod
- Kitchenboard
- Slitesterk laminat på alle rom, KL33
- Listverk leverast kvite, fabrikkmalt med synlege spikarhol
- Systemair VEP3, ventilasjon med varmegjennvinner og viftekonvektor
- Vegghengt toalett
- 90x90 dusjhjørne
10 gode grunnar for å kjøpe ny bustad
1. Du slepp hektiske bodrundar.
2. Du kan vurdere i fred og ro og kjøpa til fast pris.
3. Låge kjøpskostnadar.
4. Låge bukostnadar.
5. Leiligheitene er bygd etter siste gjeldande forskrifter.
6. Du får ein moderne og praktisk heim.
7. Alt er nytt låge vedlikehaldskostnader og ingen oppussing på lang tid.
8. Du får god tid til å førebu innflytting.
9. Du blir den første brukaren av bustaden.
10. Du blir ein del av eit heilt nytt bumiljø, der ingen før har etablert seg.
HANASKJEREN SAMEIGE
Det vert oppretta sameige for dei 9 første leilegheitene - dvs bygg 1.
Det er nedgravd avfallsløysing i bustadfeltet slik at du ikkje treng dunkar til søpla.