Gjertrudbakken

Nøkkelinformasjon

Priser
Fra kr 4.345.000 til kr 4.690.000
Antall rom
2-3
Areal
73,5-85 kvm
Adresse
Gjertrudbakken 2, 6863 Leikanger
Status
Bygging igangsatt
Totalt antall boliger
10
Antall ledige
1

Ta kontakt for mer informasjon

Jens Sigurd Hagen
Jens Sigurd Hagen
Bustadrågjevar/Salg
95281081
Meld interesse her

Gjertrudbakken - midt i hjarta av vakre Leikanger

La ei fantastisk panoramautsikt til fjord og fjell bli ein del av ein praktisk kvardag i splitter nye leilegheiter i Gjertrudbakken bustadblokk, sentralt på Leikanger, i Sogndal kommune. Vegen til både natur og alle fasilitetar du har bruk for i kvardagen er kort, og legg saman grunnlaget for eit behageleg liv. 

Bustadblokka ligg med kort avstand til Saften – ein ombygd fabrikkbygning som no husar daglegvarebutikk, treningssenter, idrettshall, frisør, bibliotek og klesbutikk. Fjordkroa ligg like ved bustadblokka og er ein fin møteplass for bygdefolket.

​Det er gangavstand til både barnehage og skule frå Gjertrudbakken, og Leikanger har gode bussforbindelsar til Sogndal. I tillegg har Leikanger også eit hav av turmoglegheiter i nærleiken for naturterapi

Om leilegheitene

Bustadblokka vil bestå av tre ulike typar leilegheiter fordelt på tre etasjar, i alt 10 leilegheiter. Her er det noko for alle, både nyetablerte familiar og den eldre generasjon. Bygget har heis og parkeringskjellar. I parkeringskjellar vil bilen din alltid stå tørt, sommar som vinter.

​Leilegheitene er både moderne og praktiske med god plass til heile familien. Dei går over eitt plan, og har to, tre eller fire soverom. Alle leilegheitene er utstyrt med balkong som vender mot sørvest, noko som gir mykje sol. Der er det rom for å nyte solnedgangen og fjorden, og plass til besøk av både venner og familie. I kjellaren får du din eigen private sportsbod for oppbevaring av sykkel, ski, fiskeutstyr og andre ting som naturleg høyrer heime i ein god bod.

​Du kjøper din nye bustad nøkkelferdig og klar for innflytting, men kan likevel ha moglegheit for nokre tilval og justeringar. Leilegheitene byggast med smarte løysingar, held høg kvalitet og kjende merkevarer vert nytta.

Framtidas bustadblokk tek høgde for både miljø, teknologi og den kommande eldrebølga. Tenk om folk flest kan bu heime lenger og samtidig møte folk i ulike fasar i livet. I fellesarealet er det moglegheit for å lage ein sosial kaffikrok. Ei bygdeblokk med 10 einingar er ikkje større enn at ein kan ha eit godt forhold til naboane.

Prosjektet er godkjent for husbankfinansiering

AVSTANDER
• Sogndal sentrum - 20 km
• Butikkar - 50 m
• Ungdomsskule - 2 km
• Barneskule - 2 km
• Skianlegg - 5 km
• Sogndal flyplass, Haukåsen - 38 km

Les meir om prosjektet på heimesida, https://www.gjertrudbakken.no/

Det er fleire fordeler med å kjøpe ny bustad

LÅG DOKUMENTAVGIFT
Du betaler kun 2,5 % i dokumentavgift av tomteprisen - ikkje av heile kjøpesummen som når du kjøper brukt bustad. Her kan det vere mykje å spare.

INGEN BODRUNDE 
Du slepp hektiske bodrundar som kan vere med på å auke prisen vesentleg i forhold til kva den eigentleg er verd. Du kjøper til fastsatt pris.

INGEN OPPUSSING
Alt er nytt! Du slepp uventa utgifter til oppussing og vedlikehald på mange år.

LÅGE BUKOSTNADER 
Nye bustader er underlagd strenge krav til isolasjon og varmeattvinning etter dei nyaste byggjeforskriftene. Dette betyr energieffektive bustader som medfør låge kostnadar til oppvarming og som gjer deg som forbrukar lågere månedlege kostandar.

FEM ÅRS REKLAMASJONSRETT  
Bustaden er bygd i forskriftsmessig stand. Du har fem års reklamasjonsrett på bustaden din. Nytt er nytt! Det at ingen har budd i bustaden før deg gjev ein heilt spesiell kjensle.

Finn reisetider og avstander

Fra

Til

Tid og avstand

clock ikon

.

pin ikon

Dokumenter

Fremdrift

Klikk på de ulike stegene for å lese mer

Prosjektplanlegging

Prosjektplanlegging

Salsstart

Salsstart

Byggjestart

Byggjestart

Innreiingsval

Innreiingsval

Ferdigstilling

Ferdigstilling
Jens Sigurd Hagen
Jens Sigurd Hagen
Bustadrågjevar/Salg
95281081
Nordbohus Sogn
Telefon
Adresse
Bordvegen 17, 6854 Kaupanger

Meld din interesse

Samtykkeerklæring
Vi trenger ditt samtykke til behandling av personopplysninger for å kunne behandle interesse for prosjektet.

Det er trygt å gi oss informasjon om hvem du er da vi følger gjeldende lover og regler når vi behandler opplysninger.

Følgende opplysninger må du gi oss: Navn, telefon, e-post, doato/tidspunkt, melding.

Du kan i tillegg be om å få sendt prosjektet på e-post.

Jeg samtykker til Nordbohus og selskapets databehandlere sin behandling av mine personopplysninger, slik som beskrevet i personvernerklæringen. Din forespørsel vil bli videresendt til riktig kontaktperson på Nordbohuskontoret. Dersom er benyttes en eiendomsmegler på prosjektet – så vil kontakt informasjonen også deles med denne for oppfølging av din interesse.

Du kan på et hvilket som helst tidspunkt trekke samtykket tilbake og du vil deretter ikke motta ytterligere informasjon eller direkte henvendelser fra oss.

Ved å gi ditt samtykke vil den informasjonen du registrerer bli lagret og behandlet av oss og vår leverandør av driftstjenesten. Vi har en avtale med vår leverandør som sikrer forsvarlig håndtering av dine personopplysninger. Informasjonen vil ikke bli solgt eller på annen måte bli gjort tilgjengelig for utenforstående.

Den informasjonen som vi lagrer og behandler vil omfatte generelle personopplysninger som du har gitt oss tilgang til som beskrevet på denne siden.

Under vår personvernerklæring vil du finne ytterligere informasjon om hvordan vi behandler personopplysninger, hvem som er databehandleransvarlig for ditt Nordbohuskontor, samt hvordan du eventuelt kan få målrettet markedsføring fra Nordbohus.

Nordbohus AS, 26.07.18