Gjertrudbakken - midt i hjarta av vakre Leikanger
La ei fantastisk panoramautsikt til fjord og fjell bli ein del av ein praktisk kvardag i splitter nye leilegheiter i Gjertrudbakken bustadblokk, sentralt på Leikanger, i Sogndal kommune. Vegen til både natur og alle fasilitetar du har bruk for i kvardagen er kort, og legg saman grunnlaget for eit behageleg liv.
Bustadblokka ligg med kort avstand til Saften – ein ombygd fabrikkbygning som no husar daglegvarebutikk, treningssenter, idrettshall, frisør, bibliotek og klesbutikk. Fjordkroa ligg like ved bustadblokka og er ein fin møteplass for bygdefolket.
Det er gangavstand til både barnehage og skule frå Gjertrudbakken, og Leikanger har gode bussforbindelsar til Sogndal. I tillegg har Leikanger også eit hav av turmoglegheiter i nærleiken for naturterapi