Gjertrudbakken - leilegheitstype 3
Om leilegheita
Her får du ei fantastisk leilegheit i øverste etasje. Leilegheita er lettstelt og praktisk med fire soverom og alt på eit plan. Det er ein romsleg entre med god plass til garderobeskap. Stove og kjøkken har open løysing, med god plass til sofagruppe og eige spisebord. Dei store vindauga gjev gode lysforhold i opphaldsromma og fantastisk utsikt. Frå stova har du tilgang til to koseleg verander, ein på 10 kvm og ein stor på heile 35 kvm. Her blir det lagt opp straum og vatn til ein eventuell jacuzzi. I toppleilegheiten er det to bad, eit romsleg bad med opplegg til vaskemaskin og eit eige bad til hovudsoverommet. Leilegheita er teikna med fire soverom, men dersom ein ynskjer større stove, så kan ein fjerne det eine soverommet.
Bilda er illustrasjonar og kan avvike fra den faktiske leveransen
Innhald
- BRA: 118 kvm, dette er inklusiv sportsbod i parkeringskjellar
- P-rom: 110 kvm
- To terrassar med fantastisk utsikt og opplegg for jacuzzi
- Store vindauger
- Utvendig sportsbod i parkeringskjellar
- Eigen parkeringsplass i kjellar. Her er det mogleg å kjøpe ein parkeringsplass til
- Kjøkken og stove i open løysing
- 4 soverom
- To bad med varmekablar og flisar på golv og vegg
- Baderomsinnreiing og vegghengt toalett
- Klikkvinyl på golv i stove/kjøkken, soverom, gang og entre
- Malt gips på veggar og tak i stove/kjøkken, soverom, gang og entre
- Listefritt i overgang mellom vegg og tak, ellers kvite lister, fabrikkmalt med synlege spikarhol
10 gode grunnar for å kjøpe ny bustad
1. Du slepp hektiske bodrundar.
2. Du kan vurdere i fred og ro og kjøpa til fast pris.
3. Låge kjøpskostnadar.
4. Låge bukostnadar.
5. Bustaden er bygd etter siste gjeldande forskrifter.
6. Du får ein moderne og praktisk heim.
7. Alt er nytt låge vedlikehaldskostnader og ingen oppussing på lang tid.
8. Du får god tid til å førebu innflytting.
9. Du blir den første brukaren av bustaden.
10. Du blir ein del av eit heilt nytt bumiljø, der ingen før har etablert seg.