Familieidyll i Sande

På toppen av  byggjefeltet, Øvre Steia i Sande, står det eit nytt og flott  Nordbohus av typen LYSTIG . Dette huset vart ferdigstilt i januar i år. For Camilla, Kim og sonen Alex, vart det både nytt hus og eit nytt medlem til familien denne månaden. No er dei  alle komme godt på plass i sin nye bustad og småbarnsfamilien trivast godt i det nye byggjefeltet. Med 15 minutts gange til barnehage og sentrum, og ein bitteliten halvtime køyretur til Førde, er dei godt nøgd med plasseringa av bustaden.

Denne hustypen krev forholdsvis store og flate tomtar, som diverre er mangelvare i mange bygder. Men for dei som er heldige og finn ei brukande tomt, er dette drøymehuset!

Me takkar for omvisning og ynskjer alle fire lukke til vidare i det nye spennande Nordbohuset !