4-mannsbustad i Bråtane bustadfelt
Om Bråtane bustadfelt
Velkommen til Bråtane bustadfelt på Kaupanger. Her får du panoramautsikt mot Amla ved sognefjorden og gangavstand til butikkar, skule, barnehage og idrettsanlegg. Bustadfeltet er roleg, barnevennleg og godt skjerma utan gjennomgangstrafikk. Borna vil få ein trygg veg til skulen med gangveg frå bustadfeltet. I Bråtane har du i tillegg flotte turområder og fjorden i umiddelbar nærleik. Ein god stad å veksa opp! Plasseringa er sentral med kun eit par minutts køyring til Kaupanger sentrum. Kaupanger har eit rikt idrettsmiljø og idrettslaget byr på populære aktivitetar som fotball, friidrett, innebandy og ski. Skal du ut å fly, ligg flyplassen berre 10 minuttar unna og herifrå flyg Widerøe til Oslo, Bergen, Førde og Ørsta/Volda.
Bustaden er lettstelt og praktisk med to soverom og alt på eit plan. Det er ein romsleg gang med god plass til garderobeskap. Stove og kjøken har open løysing, og dei store vindauga gjev fantastiske lysforhold i opphaldsromma. Frå stova har du tilgang til ein koseleg veranda. I tillegg har du eit romsleg bad og boder for lagringsplass.
Om leilegheitane
INNHALD
Stove, kjøken, 2 soverom, bad, gang, boder.
BRA utvendig bod 5 kvm
BRA totalt 74,5 kvm
P-rom 66,5 kvm
Pris på leilegheitene er frå kr 2.850.000,-
Bilda er illustrasjonar og kan avvike fra den faktiske leveransen
10 gode grunnar for å kjøpe ny bustad
1. Du slepp hektiske bodrundar.
2. Du kan vurdere i fred og ro og kjøpa til fast pris.
3. Låge kjøpskostnadar.
4. Låge bukostnadar.
5. Bustaden er bygd etter siste gjeldande forskrifter.
6. Du får ein moderne og praktisk heim.
7. Alt er nytt låge vedlikehaldskostnader og ingen oppussing på lang tid.
8. Du får god tid til å førebu innflytting.
9. Du blir den første brukaren av bustaden.
10. Du blir ein del av eit heilt nytt bumiljø, der ingen før har etablert seg.