Tomannsbustad i Bråtane bustadfelt på Kaupanger
Om bustaden
Lys og moderne tomannsbustad på to plan med 3 soverom. Bustadeiningane har ein romsleg og solrik terrasse med glasrekkverk. Her har du god plass til å invitere naboar, venner eller familie til eit sosialt lag der de kan nyte den vakre utsikten. Bustadene har ein sportsbod på 5 kvm, Her kan du lagre sykkel, ski, fiskeutstyr og andre ting som naturleg høyrer heime i ei god bod.
Det er open stove/kjøkken løysing med moglegheit for å oppgradere kjøkkenet (dette vil medføre ekstra kostnadar). Stova inneheld blant anna peis og store vindauger som slepp inn mykje naturleg lys.
Innhald
- BRA: 114,6 kvm
- P-rom: 91,4 kvm
- Moderne einebustad
- Terrasse med glasrekkverk og fantastisk utsikt
- Utvendig sportsbod
- Utvendig parkering
- 3 soverom
- Bad med varmekablar
- Kjøkken og stove i open løysing
- Store vindauger
- Teknisk/vaskerom med varmekablar
- Våtromsplater på bad og teknisk/vaskerom
- Lamitagolv i lys lasert eik
- Listverk leverast kvite, fabrikkmalt med synlege spikarhol
- Ferdigmalte plater på alle vegger
- Peis levert av Nordpeis
10 gode grunnar for å kjøpe ny bustad
1. Du slepp hektiske bodrundar.
2. Du kan vurdere i fred og ro og kjøpa til fast pris.
3. Låge kjøpskostnadar.
4. Låge bukostnadar.
5. Bustaden er bygd etter siste gjeldande forskrifter.
6. Du får ein moderne og praktisk heim.
7. Alt er nytt låge vedlikehaldskostnader og ingen oppussing på lang tid.
8. Du får god tid til å førebu innflytting.
9. Du blir den første brukaren av bustaden.
10. Du blir ein del av eit heilt nytt bumiljø, der ingen før har etablert seg.