Moderne og lettstelte leilegheiter i Aurland - fantastisk utsikt!

Salet er i gang! 18 lettstelte leilegheiter med parkeringskjellar, heis og to eller tre soverom. Alle leilegheitene har solrike terrassar med overbygg og glasrekkverk mot den fantastiske utsikten.

Gå det gode liv i møte i splitter ny leilegheit, midt i hjarte av Aurland, med kort veg til både sentrum og naturopplevingar. Sett deg ned på din nye terrasse med føtene høgt, og med nedsenka skuldrar. Nyt utsikten mot fjorden og fjella. Kjenn kor godt det gjer i kropp og sjel å få friheita tilbake! Friheita til å sjølv å velgja kva du har lyst til å gjere.

Leilegheitene i Solhammar ligg idyllisk til med storslått natur og fantastiske solforhold. I nærleiken finn du både butikkar, kafe, barnehage, skule, sjukeheim og ei flott badelagune.