Søk etter tag "Tomannsbolig"

28.10Klara (88) og Ruth (81) startar eit nytt kapittel – bygg hus i LangevågenSkrevet av Admin Adminson

Artikkelen er skrevet av Charlotte Karlsen og tidligere publisert i Sunnmørsposten

Dei er ikkje lei av Austlandet - og absolutt ikkje av livet, men no vil Ruth (81) og Klara (88) heim til Sunnmøre. Denne veka
starta bygginga av deira nye hus i Langevågen.

- Ååå, ej gler mej sånn!

Klara (88) knip augo saman og knyt den venstre neven. I høgre hand held ho eit bilete av familien Fylling i tre generasjonar
framfor garden på Stadsneshaugane i Langevågen.

- I morga starta dei, tenk det, seier Ruth (81).

Dei to søstrene har budd på Hamar i høvesvis 40 og 25 år. Dei reiser til Spania nesten kvart år og dreg gjerne på lange
bilturar med Klara bak rattet. Men etter dialekta å døme skulle ein tru dei aldri har vore utfor Sunnmøre.

- Klart vi må halde på ei so fin dialekt, synest Ruth.

Dei er litt nervøse for det å skulle pakke ned alt dei eig, mest fordi nokre av tinga som heng i taket og på veggane er ganske
tunge. Klara er litt betenkt for å klatre på lealause stolar, og Ruth synest den vesle storesystera kunne fått seg ei gardintrapp
til hjelp. Det er jo faktisk gardiner Klara ofte skal opp på stolen for å plukke på.

- Eg har ein som klipp den vesle grasflekken eg har utfor huset. Han kan hjelpe meg med dei tyngste tinga, seier Klara.


Begge søstrene med ektemenn har bygt seg hus på Stadsneshaugane før, men selde då dei flytte austover. Åra der nede har vore
gode, men rekneskapen er gjort opp, og det er enno fleire pluss ved å flytte heim, er konklusjonen til Klara Zinder og Ruth
Martinsen ( i svart).

No er det altså i gong. Vitne har meld til systrene at gravemaskinene er på plass og at bygginga på «Haugen» tek til om ikkje
lenge. Før det vert behov for grasklipping neste sesong, har dei flytt inn i splitter ny tomannsbustad der graset er så grønt
som det berre kan vere i eit barndomsparadis.

- Ho mor budde nesten i hagen der, når ikkje ho arbeidde på fabrikken eller hadde oss små. Det var stikkelsbær i alle fargar,
både med og utan pels, dei var så store og åh, så gode dei var, hugsar du?

Klara knip augo saman igjen og ser mest som ho vil hoppe opp og ned av glede. Dei var ti sysken på garden i Langevågen, kor
huset var fullt av barn i alle år. Med ei mor som jobba på Devold-fabrikken og ein far som eigde to fiskebåtar, hadde dei det
fint, og det var alltid gjestar på besøk som hadde mindre mat på bordet der dei budde.

- Far starta jo med to tomme hender, og så tenkte vel han og ho mor at dei skulle fikse mannskap sjølv, seier Ruth.


Minna frå bardomen er mange og gode. Av alle i bygda var det familien Fylling på Haugen som fekk vaskemaskin aller først.

Det gjekk så som så. Det vart fire døtrer før det omsider kom ein son, Peder. Då hadde det lausna, tenkte kanskje far. Men dei
fire neste borna vart òg jenter, og gut nummer to var søskenflokkens tiande. Då var mor 43 år og garden full.

- Eg har ingen dårlege minner. Det var mykje folk og mykje glede. Det einaste dårlege var at mor døydde i sitt 69. år, seier Ruth.

Framleis er halve søskenflokken i live, og tre av dei bur heime på Sunnmøre. Det same gjer attlevande svigersysken. Alle gler
seg stort til å få systrene heim.

- Det blir godt å få litt meir hjelp. Her er det ikkje mykje avlasting å få, så med unntak av bylaurdagane våre, så går det meste
av tida til å stelle mennene våre, seier dei to.

For sjølv om dei både utstrålar og uttalar livsglede – «vi elskar livet vi, kvar dag!» - så har Ruth og Klara kjempa sine kampar.
Sjølve er dei raske til beins (Ruth vart observert småjoggande i entreen i leilegheita ved eit par høve under dette besøket),
snakkar raskt med tydelege røyster og synest å hugse betre enn ein gjennomsnittleg 30-åring, men mennene deira har nokre
større laster.

- Eg er ti år eldre enn han Arvid, men sånn i kroppen kunne nok han vore ti år eldre enn meg, humrar 88-årige Klara når ho
fortel om mannen som har trena seg opp att frå å vere lam etter slag.

Ruth sin kjære Alfred (85) er avhengig av heis for å kome seg opp i 2. etasjen der dei bur, og det nye huset i Langevågen skal
vere lett å kome til både med rullator og Klara sin raude bil.


Medan 81-årige Ruth har latt vere å fornye sertifikatet sitt, er Klara (88) framleis ein habil sjåfør. Å køyre rundt vegsperringane
i Hamar sentrum er verst når det er sol «midt i fleisen».

88-åringen er nemleg ein habil sjåfør. Fleire gongar i året køyrer ho heile vegen frå Hamar og heim som einaste sjåfør i bilen,
eller til og med som einaste person i bilen. Sjølv om sol midt i fleisen gjer det litt utfordrande å rygge, er det null problem
å manøvrere ei gamal manuellgira stasjonsvogn.

- Eg har følt at ho mest er lisjesystera mi, ho har alltid vore så sprek og glup, seier Ruth om den sju år eldre Klara, som var
lærar i Langevågen ut 80-talet og hadde dilla på turgåing og klatring då ho budde i Volda.

Sjølv starta Ruth opp Narvesen i Langevågen, jobba som bokholdar i mellom andre Sunnmørsposten og gjorde anna
rekneskapsarbeide. Draumen om å returnere til Sunnmøre har alltid vore der.

- Vi har rekna på det. Det er fleire pluss der oppe, sjølv om vi kjenner Hamar godt og trivst her. I Langevågen kan vi få hurtig
hjelp til mennene våre, der er alt vi treng i nærleiken, og Sulatunet er der.


Familiesamlingane heime i Langevågen sit godt i minnet til søstrene Fylling, som begge er i 80-åra. – Han far øydelagde
langefingeren sin på fiske, så den sto rett opp. Heile familien har alltid falda hendene med langefingeren opp, det er litt av eit syn,
ler dei to.

Nordbohus: - Damene veit kva dei vil ha

Det er Nordbohus i Ålesund som set opp huset til systrene Fylling. – Det er ei ære å få lov til dette, synest dagleg leiar Pål Søvik.
 
Det er ikkje kvar dag ein bustadleverandør vert kontakta av to damer i 80-åra med planer om nybygg.

- Nei, det har vi faktisk aldri vore i nærleiken av, fortel Søvik.

I tomannsbustaden vert det lagd til rette for rullator, og det er heis frå parkeringsanlegget i underetasjen og opp.

- Huset er skreddersydd for at seniorane skal kunne bu der ut si tid, seier Søvik.

Han fortel at Ruth og Klara kom tidleg på bana og har vore svært delaktig i prosessen heile vegen. Arbeidet på tomta tok til
denne veka, og prosjektet vert ferdig i løpet av vår/sommar neste år.

- Dette er ei historie i seg sjølv, og det er ei ære å få lov til å levere hus til desse damene, seier Søvik, som har fått innblikk i
familieminne og sterke kjensler knytt til den gamle familiegarden på «Haugen».

Salsansvarleg Lene Buch har hatt den daglege kontakten med damene i Hamar, som har gått på ein noko utradisjonell måte
for 2015 å rekne:

- Dei har ikkje e-post, så alt har gått via post og telefon. Dei har klipt ut bilete og send meg, og dei veit kva dei vil ha!

Å lese opp produktnummer per telefon er ein kunst i seg sjølv, men ikkje ei reell utfordring for Ruth og Klara.

- Det er to kjempekvikke damer. Heilt rå, synest Buch.

 

02.11Søsken bygde tomannsbolig sammen Skrevet av Stian René Moursund

Bygde boligdrømmen sammen i Flexi2

En stor og herskapelig tomannsbolig med en flott steinmur møter oss i det vi ankommer Charlotte og Thomas sitt drømmehjem i Teigene boligfelt på Eide. Her bor de vegg i vegg sammen med Thomas sin søster, og vi er spent på å se hvordan huset fremstår når det er fiks ferdig. Vi blir stående og nyte den flotte utsikten før vi ringer på og blir møtt av Charlotte som inviterer oss inn i varmen.

-Vi bygde boligen sammen med søsteren til Thomas, de bor i den andre delen, smiler hun. Vi nyter godt av hverandres selskap og for oss var dette en fin start for å komme inn i boligmarkedet. Vi liker godt den herskapelige stilen, og de store, flotte søylene er med på å forsterke inntrykket. I tillegg er beliggenheten er helt fantastisk, sier Charlotte, som allerede har bodd litt over ett år i boligen.


Flexi2 har et herskapelig fasadeuttrykk. Et uttrykk for forsterkes med en flott steinmur og stilig gjerde i dette tilfellet.

Splitter nytt
Det er noe helst spesielt med å flytte inn i helt ny bolig. Alt er nytt og man slipper vedlikehold de første årene. Å slippe oppussing og vedlikehold var en viktig faktor for Charlotte og Thomas da de bestemte seg for å bygge helt nytt. - Vi bygde hele huset selv. Vi visste at det var mye arbeid, men med snekkere i familien kom vi til slutt i havn. En tidkrevende prosess, men veldig artig og lærerik. Neste gang skal vi nok gjøre mindre selv, smiler Charlotte.

Hva er dere mest fornøyd med?
-Alt er nytt og veldig fint, og jeg liker den åpne løsningen mellom stue og kjøkken. Når jeg har handlet matvarer kan jeg jeg rusle rett inn på kjøkkenet med varene. I andre etasje har vi en fin, liten tv-stue. Den kommer nok godt med etter hvert. Siden jeg er fra landet og er vant til å ha det stille og rolig, synes jeg det er godt å ha soverommene i andre etasje. Da slipper jeg å høre at noen går forbi soveromsvinduet, humrer Charlotte.

Hva ville dere gjort annerledes om dere skulle bygd på nytt?
-Vi skulle så gjerne hatt en større bod til lagringsplass. Nå må vi ta i bruk soverommene for lagring.


Lekkert kjøkken og praktisk med åpen løsning mot stue og spisestue

Trygt å kjøpe av Nordbohus GH-Bolig
Vi hadde hørt at Nordbohus GH-Bolig var til å stole på, og det har vært trygt og godt å samarbeide med dem. De er proffe, seriøse og har svart på alt vi har lurt på. Vi kan virkelig anbefale de til andre, avslutter Charlotte Inderhaug.


Huseier Charlotte Inderhaug (t.v) fikk besøk av sin søster (t.h). Det er trivelig å ta i mot besøk i splitter nytt hus.

Skrevet av Lill Mari Wiklund, markedskonsulent NORDBOHUS AS

Klikk her for flere bilder av Flexi2

Flere bloggartikler: Besøk Nordbohus-bloggen

Bestill katalog med tomannsboliger eller se alle boligene her. Tomannsboliger fra Nordbohus
 
 
 

 

Søk her

Tags

#hverdagslykke, Ålesund FK, alinda, altan, arcturus, arealbegrensning, arealutnytting, årets beste, arkitekt, arkitekt/arealplanlegger, arkitektkonkurranse, arkitekttegnet, arkitekttips, artikkel, astro, Aurora, Averøy, awards, balansert ventilasjon, balkong, bart, beliggenhet, bestselger, bestselgerne 2016, blid, blogg, blogger, bod, bolig, bolig til salgs, boligfelt, boliginvestering, boligpriser, boligprodusentene, boligutvikling, BRA, bygd for å vare, bygge garasje, bygge nytt hus, bygge pepperkakehus, bygge sammen, bygge tomannsbolig, byggesøknad, byggforsk, bygging for å bo, byggmester, dagslys, Data design system, DDS, deling, design, designkonkurranse, designvilla, digital byggeplass, digitalisering, donasjon, Drammen, drange, eat, egenkapitalkrav, eiendomsutvikling, eksperter i team, ekstrainntekt, endre et hus, enebolig, eneboliger, energikrav, erfaring, facebook, farger, fartstid, fasadevask, feltutbygging, ferdighus, ferdigplen, fiks ferdig funkis, filterskifte, finansiering, firkantskifer, flatt tak, flexi2, flytt vegger, folland, forelsket, fornøyd, fornøyde kunder, forskning, forskrift, fotball, fotballglede, foto, foto av hus, fotograf, fukt, fuktskader, funkis, funksjonell, førstehjemslån, gammelt og nytt interiør, garderobe, glava, Godset, godt salg, google+, grunnlån, hage, hageideer, hageinspirasjon, Haugesund, helse, herskapelig, hjem, hjemme hos, hus, hus fra Nordbohus, husbanken, husbankfinansiering, husbilder, husbyggeprosess, husbygging, husmaling, husvask, hverdag, hverdagsliv, hybel, inneklima, innrede, innrede hjemmet, innrede rom, innredning, instagram, instagram-huset, interiør, interiørdesign, interiørtips, intervju, isolasjon, IT, IT-sjef, IT-strategi, jotun, jul, julebakst, jungeltelegrafen, Karat, kjempenhøy, kjent, kjøkken, kjøpsprosess, konkurrere, kontinuitet, kontor, krevende byggverk, KTI, Kuba, kundedrevet innovasjon, kundeerfaringer, kundeerfaringer Nordbohus, kundehistorier, kundetilfredshet, kundetilpasning, kvalitet, kvalitetsbevisst, kvm, lady, lamda 32, leder feltprosjekter, ledige stillinger, leiligheiter, leiligheter, lufting, lyssetting, lystig, læring, lærling, male, male hus, måling, merkekjennskap, merkevarekjennskap, mitt hjemmested, MObro, moderne, moderne bolig, MOsista, MOVE, Movember, møblere huset, narudstokkewiig, naturlig lys, Nexus, Nordbohus, nordbohus ålesund, Nordbohus Haugaland, Nordbohus Jarle Sætra, Nordbohus Modum, Nordbohus Romerike, Nordbohus Sogn, nordbohusforhandler, norges største, nova, NS3700, nsw, NTNU, Nukleus, ny bod under trappa i leiligheten, nyforelsket, nyheter, nytt hus, næringsbygg, ole wiig, omtegning, Opal, oppussing, oppvarming, oppvarming av bolig, overlevering, p-rom, passivhus, pepperkake, pepperkakehus, plan- og bygningsloven, planlegge hage, plen, plenfrø, populært, pris, priser, priskonkurranse, prisliste, prisvinner, prisvinnere, Råholtåsen, RBK, redesign, reguleringsbestemmelser, rengjøring, rente, restaurering, resultater, riktig vedfyring, rogaland, roomsketcher, så plen, SINTEF, sintef byggforsk, skolebygg, skolebygning, sliten, små tomter, småhus, snekker, SoMe, sosiale medier, spesialtegnet bolig, spiselige byggverk, sponsing, startlån, synsing, tak, takstein, tangenheia, teknisk godkjenning, teknisk sjef, terrasse, TG, Tomannsbolig, tomt, tomtebefaring, top of mind, topp10, topp5, toppliste Nordbohus, tradisjonelt, trapp, trespiker, trivsel, trollveggen, Trondheim, tømrer, uhjulpet kjennskap, under trappa, utekos, uteplass, uterom, utleie, utleieleilighet, utsikt, varmepumpe, varmepumpe vinterstid, vårrengjøring, vedfyring, vedlikehold, vedlikehold bolig, vekst, ventilasjon, veranda, verdier, vestnes, video, vikersund, villa lilla, villalilla, vindu, vinter, vintervarme, virtual reality, virtuell røyndom, virtuell virkelighet, visjon, visning, visningshelg, visningslørdag, VR, vr i læring for lærling, værdag, Webshop, yrkesfag, økning

Arkiv

Blogger om Nordbohus

Fjordstua - vi bygger hus!
Drømmen om Lun
Fugl Føniks
Husdrøm Aurora
Vårt nye hjem
Lyst & Luftig
HusGlede
Fra hus til hjem
Home is where our story begins
Karat
Ingrid & Claus sitt drømmehus
Nukleus - Vi bygger
Nexus
Noe på hjertet
Prosjekt funkishus
Veien mot å skape vårt eget hjem

Bestill gratis huskatalog

SERTIFISERT AV SINTEF
Med teknisk godkjenning fra SINTEF kan du være trygg på at vår byggekvalitet holder mål. Trygghet er verdifullt. For oss. For myndighetene. For deg.

FERDIGHUS VS KATALOGHUS
Det er vanlig å omtale kataloghus som ”ferdighus”, men de husene du finner i huskatalogen vår kan tilpasses og skreddersys til din tomt og dine behov. Det som vi i bransjen kaller ferdighus blir ofte bygd på fabrikk og alt du kan justere er innredningen. Ferdighus eller kataloghus.

NORGES MEST FORNØYDE KUNDER
Nordbohus fikk førstplassen i tre av fire kategorier innen kundetilfredshet for 2015. Det er vi stolte av! Blir du vår neste fornøyde kunde? Vant tre av fire priser i kundetilfredshet.

GÅ PÅ VISNING I VIRTUAL REALITY
Alle hus i vår huskatalog er modellert i Virtual Reality (VR). Ta kontakt med din nærmeste Nordbohusforhandler og gå på visning i 31 hus på 10 minutter, eller bruk timesvis i dine favoritter. 

 

Bestillingen vil bli sendt til Follo Bygg & Eiendom AS.